Uttalelser fra landsstyremøte 27. - 29. oktober 2017

Her finner du vedtatte uttalelser fra Rødts landsstyremøte 27. - 29. oktober.

Annuler tvangssamanslåingane

Raudt meiner at alle eventuelle kommune- og fylkessamanslåingar må avgjerast av innbyggjarane. Vi er difor mot både kommunereforma og regionreforma.

Raudt kjem til å arbeide for at det nye stortingsfleirtalet annullerar alle vedtak om samanslåing av kommunar og fylke i Noreg som har gått føre seg enten gjennom tvangssamanslåingsvedtak under det forrige stortingsfleirtalet, gjennom lokale vedtak på tvers av resultat av lokale folkerøystingar eller gjennom lokale vedtak utan bruk av lokale folkerøystingar.

Noreg må fordømme økonomiske sanksjonar og trugsmål om militære aksjonar mot Venezuela

USAs president Donald Trump har den siste tida truga med militær intervensjon i Venezuela. Samstundes har USA stått i spissen for ein finansiell boikott der også EU bidrar. Sanksjonar og militær innblanding vil forverre situasjonen for befolkninga og landet.

Den norske regjeringa må fordømme alle trugsmål om å nytte militærmakt i Venezuela. Trugsmålet er nok eit eksempel på den amerikanske presidentens manglande respekt for folkeretten og internasjonal lov. Det syner at lina med ein aggressiv utanrikspolitikk frå USAs side held fram under Trump.

Det er openbert at regjeringa i USA ikkje bryr seg om sivile liv i Venezuela. Dei har ytt økonomisk og politisk stønad til grupperingar i landet som, mellom anna, har nytta valdelege angrep og drap på regjeringstilhengjarar og fagforeiningsaktivistar, eit valdeleg angrep på ein barneklinikk i Caracas, bombeangrep mot Høgsterett i Venezuela, samt fleire forsøk på militært statskupp, som verkemiddel i sin politiske kamp.

Nyleg vart det gjennomført regionsval i Venezuela, med ei valdeltaking på 61 %. Representantar frå alle parti har vore til stades ved samlege valsentre og har erklært at valet vart korrekt gjennomført. Valet er også anerkjent av 70 internasjonale valobservatørar. I etterkant vert det gjennomført kontroll av alle stemmene etter forslag frå presidenten og opposisjonen. Valet og valresultatet har stort sett ikkje vore omtalt i Noreg.

Noreg må stø kravet om at alle partar i den politiske konflikten i Venezuela får drive med fredeleg politisk verksemd. Fredelege demonstrasjonar må tillates utan å verte utsett for angrep frå korkje Maduro-motstandarar, Maduro-tilhengjarar eller politi. Noreg må òg stø kravet om at fengselsvesenet i Venezuela ikkje bryt med menneskerettane.

Flaumsikring må vera et statleg ansvar

I kjølvatnet av klimaendringane må Noreg bu seg på eit våtare klima. I fylgje NVE vil ekstremnedbøren auke endå meir enn gjennomsnittsnedbøren. Fleire flaumar dei siste åra har synt behovet for betre flaumsikring i vassdraga. I dag er ansvaret for dette pulverisert på elleve departement og førti ulike lovverk. I tillegg er ansvaret også delt på kommunar og private grunneigarar.

Rødt meiner at staten skal ha eit overordna ansvar for flaumsikring i vassdraga. Ansvaret bør samlas i eitt departement, og NVE må tilføras betydeleg større økonomiske midlar til å planlegge og gjennomføre konkrete flaumsikringstiltak for å redusere og hindre skadar på liv og helse, annan infrastruktur, busetnad, næringsbygg og landbruksjord.

Utvikling av legemidlar er eit samfunnsansvar.

Landsstyret i Raudt er glad for at Sjukehusinnkjøp HF no er i dialog med Legemiddelfirmaet Biogen om å få ned prisen på den livsforlengande medisinen Spinraza for pasientar ramma av muskelsjukdomen SMA (Spinal muskelatrofi). Raudt gleder seg på deira vegne.

Men Spinraza er kjend som verdas dyraste legemiddel og synar kapitalismen på sitt verste. I dag kan legemiddelfirma nesten sette omtrent den prisen de sjølv ønsker. I dette tilfelle tar Biogen vanvitige 1 millionar kroner per injeksjon. Biogen har i perioden juni til september tent 2,1 milliardar på dette medikamentet, hovudsakeleg på det amerikanske markedet.

Denne saken viser at vi må ta debatten om korleis legemidlar skal utviklast og finansierast. Dette er også ein del av debatten om hemmeleghald av legemiddelprisar i helseføretaka.

Utviklinga av medikament og prissetting av desse, bør være eit samfunnsansvar, og ikkje overlatast til legemiddelindustrien som i dag set profitt over menneskeliv.